Om Gloppen Arbeiderparti

Gloppen Arbeiderparti


Styret

  • Eg er ordførarkandidat for Gloppen Arbeidarparti, heiter Arnar Kvernevik er 63 år og sambuar med Anvor. Vi har to vaksne døtre og ein attpåklatt på 10 år. Frå før av har eg ein son som har sørga for at eg er bestefar til tre. I tillegg må eg nemne familiehunden Astro som bidreg til at eg får frisk luft - nesten kvar dag. Eg er Nordfjording, født i Selje men har vore vidt omkring i heile landet frå nord til sør fram til eg valde å plante røtene mine på Sandane i 1988. Av utdanning er eg elektroingeniør og har stort sett heile mitt yrkesaktive liv arbeidd i energibransjen. No jobbar eg som prosjektleiar og utviklar i Vestavind Energi, eit selskap innan SFE-konsernet. Mitt politiske engasjement er knytt til at eg ynskjer eit samfunn med små forskjellar mellom folk, der alle deltek ut frå sine eigne føresetnadar, uavhengig av kven dei er eller kor dei kjem frå. Eg har vore leiar av Gloppen Arbeidarparti dei siste 5 åra, i perioden 2003-2005 var eg NITO-leiar og konserntillitsvald i SFE. I lokalpolitikken er eg inne i min første periode som medlem i kommunestyret og formannskap. I tillegg er eg leiar i eit hovudutval i kommunen; MULTEK; som har forvaltningsoppgåver innan tekniske tenester, kultur, bruk av utmark, miljø, idrett og friluftsliv. Som hovudutvalsleiar er eg og medlem av eldrerådet. Gloppen Arbeidarparti har eit program og ein politikk som vil vere bra for heile kommunen. I ei utfordrande tid med reformar, omstrukturering og sentralisering vil det være ein styrke for Gloppen at vi har landets største parti som medspelar. Derfor utfordrar eg den sittande ordføraren og vil fremje mitt kandidatur som den første Arbeidarparti-ordføraren i Gloppen kommune. Gloppen skal utvikle seg vidare som ei spennande kommune med gode tenester til alle innbyggjarane våre. Eg trur at eg kan vere ein samlande og inkluderande ordførar for alle som bur her. Eg ser fram til ein hektisk valkamp og vidare politisk arbeid for Gloppen kommune i lag med alle dei flinke listekandidatane våre.

  • Eg er født 9. januar 1971 og er oppvokst på eit småbruk på Frøystad i Årdalen. Mine tre barn og to barnebarn er sentrale interesser i mitt liv. Av utdanning er eg fagarbeidar i industriell matproduksjon og eg arbeider som skiftleiar ved TINE Byrkjelo, i tillegg er eg tillitsvalgt. Dei sakene som eg brenn mest for er trygge og gode arbeidsplasser, sterkt vern av matjord og trygg norsk mat. Ein god skule og godt oppvekstmiljø kjem og høgt på lista over mine hjertesaker. Gloppen AP vil legge til rette for verdiskaping og nye arbeidsplasser, arbeide for rettferdig fordeling av godene, arbeide for trygg oppvekst og gode levevilkår for alle. Difor oppmodar eg alle til å stemme på Gloppen Arbeiderparti ved valet i haust!

  • Motivasjonen min for å engasjere meg politisk er først og fremst å bidra til ei betre samfunnsutvikling. Eg ser, og opplever, at dagens politikarar har gløymt at politikk handlar om menneskeverd. Dette kan eg ikkje lengre sitje på sidelinja å sjå på.

  • Nickolai Midtbø Willis

    Nickolai Willis, er 29 år kjem frå Svanøy i Florø og bur no på Solheim i Hyen. Har verv i Fellesforbundet og i Hyen Utviklingslag.